
Her kan du finne nytt og gamalt
Skulebilete frå 1983 og fram til i dag.

Elevflokken 2025 - 26.

Barnehagen 2025 - 26.
Kyrkjebygda oppvekstsenter
Vi ligg plassert i Telemark fylke ( Vest - Telemark ). Kommunen vår heiter Nissedal, og er ein av dei aller minste av fylket sine 17 kommunar i folketal. Det er ein grendeskule i kommunen, og ein sentralskule i kommunesenteret Treungen.
Vi er ein tredelt barneskule med barnehage. Etter at Baksås og Nordbygda skular vart sentraliserte opna Kyrkjebygda skule, etter ein liten namnestrid, opp i august 1967. Dette skuleåret er det 22 elevar på skulen, 15 ungar på SFO og 13 barn i barnehagen. I 1.- 2. klasse er det 4 elevar, i 3.- 4. klasse er det 6 elevar, og i 5.-7.klasse er det 12 elevar. Det er 5 lærarar, 1 rektor, 2 SFO fagarbeidarar, 6 tilsette i barnehagen, og ikkje minst vaktmeisterteneste og reinhaldarar som har sitt arbeid her.
Skulen vår, slik den såg ut før.

Før var taket på skulen vår flatt.

Ansvarleg:Bent Arve Bratås