Unionsoppløysing
Den 7.juni markerte me 100 - års jubileet for unionsoppløysinga med Sverige.
Etter flaggheising på morgonen reiste me i tid heilt tilbake til 1905 ved
hjelp av ei flott utstilling i Valhall.
Elevane tileigna seg kunnskap gjennom ulike typer oppgåver der nesten alle
skulefaga var representert.
Venstre bilete:
Elevane studerer utstillinga som var bygd opp av ulike gjenstandar sett opp på
ei tidslinje frå 1905 - 2005.
Høgre bilete : Frå hundreårsmarsjen som skulen arrangerte denne dagen.
To nøgde elevar med registreringskortet sitt.
Arrangementet var opent for alle,
og i Nissedal må ein kjempe om plassen på plakattavla.
Frå starten på hundreårsmarsjen. Knallver!!
Etter marsjen var det også nokon som tenkte på væskebalanse og
næringsopptak.
Tilbake til startsida
|