Leirskuleopphald på Haraldvigen

Søndag 30.mai til laurdag 5.juni var elevane på 7.klassesteg i Nissedal kommune på leirskule. Leirskulen heiter Haraldvigen, ligg i nærleiken av Kristiansand og blir driven av Røde kors.

 

Kvar dag var det to læringsøkter, og på fredag blei det heile avslutta med sjøvettprøve. Diplomet ein får for å bestå denne prøva heng høgt. Elevar frå Bykle, Hovden og Torridal var også på Haraldvigen samstundes med oss.

 

Innprenting av reglar og rutiner

Mykje informasjon og mange ting å passe på når ein er på leirskule.

Sosiale nissedølar

Elevar frå Nissedal i hyggeleg prat på hytta"Homborsund".

Strandkrabbe

Mykje rart blei fanga i åleruser og hovar.

Teamwork

Kanoar, kajakkar, robåtar og optimistjoller blir testa ut i tur og orden.

Flåtebyggjing

Samarbeid må til når ein skal lage flåte.

Bytur

Tur til Kristiansand midt i opphaldet var eit kjærkoment innsalg.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg:Bent Arve Bratås