Venli gamle gruve

Det er ikkje så mykje informasjon å finne om Venli gruve i Nissedal, men dei siste åra er det fleire som har besøkt gruva etter at det er skilta frå traktorvegen ovanfor Uppsond.

 

Idrettslaget har også plassert eit av sine turmål her i år, og då måtte me sjå nærmare på denne spennande staden. Kring 1890 og nokre få år frametter var det drift i Venli gruve. Ein professor, ved namn Bugge, fekk i oppdrag frå Næs jernværk å sjekke ut om det var drivbare jernmalmførekomstar. Det var naudsynt med malm til omnsproduksjonen ved jærnværket. Gruva er omlag 30 meter lang rett inn i fjellet, og det var altså ikkje noko langvarig drift her.

 

På veg til Venli gruve.

Frå traktorvegen er det berre nokre få meter opp til gruva. .

Vatn i gruveinngangen.

Venli gruve.

Buldring.

På veg til Venli gruve passerte me "Den store steinen." .

Den store steinen.

Her har også idrettlaget hatt kasse tidlegare.

5 poeng rikare.

Ved Skeimo nede ved riksvegen.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg:Bent Arve Bratås