Variert og mangfoldig aktivitet før jol

I haust har det vore uvisse om framtida til skulen, og ikkje før siste dagen før joleferien kunne elevar, læararar og heile bygda puste letta ut. Kommunestyret sa ja til vidare drift, og kanskje syner denne sida, eller alle dei andre for den sak si skuld, at dette var ei rett avgjerd. Elevane sin adventskalender har i år vore knytt opp mot Ivar Aasen (1813 - 1896) sine ordspråk, tjugefire i alt, og sjøl i våre dagar er dei like aktuelle. Klok mann han Ivar.

Ukulelemeister

"Ein lærer ikkje å symje før ein kjem i vatnet." Morten Øen kom på besøk, og tok oss med på ei musikalsk, geografisk og historisk reise med ukulelen sin.

Lydhør forsamling

"Eit lys brenn like godt om ein tenner eit anna med det.

Lussekattar

Ingen Luciafeiring utan lussekattar.

Kokkeforkle

Utstilling av elevarbeid i Valhall.

Jolegåver?

Valhall er ferdig pynta til avslutningsfesten.

Mørelefser og peparkaker

Joleverkstad er fast innslag i desember.

Kokkekunst

"Det smakar godt som sjeldan bydst."

Klar for joletreet

"Ein ristar ikkje meir ut av sekken enn det som er i han,"

20.desember

Tunkatten sin adventskalender.

Tunkatten sin adventskalender

Kvar dag eit nytt ordspråk og ein jolesong med nynorsk tekst. Lydfiler på www.tunkatten.no

Lykke til vidare, Kwan

Me tok avskjed med Kwan som har vore lærar hos oss i eitt og eitt halvt år.Lykke til, me kjem til å sakne deg.

Smånissane våre

"Når lukka vil inn , skal ein berre late opp."

Rektors hjørne

Siste adventssamling og rektor kjem med det glade bodskap: - Skulen lever!!!

God Jol

Så er det tid for å ynskje kvarandre God Jol og eitt Godt Nytt År.

Jolegåve frå Torgunn

"Var det ikkje for mørket, så visste vi ikkje av stjerner."

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås