Opning av ny badestrand på Vikodden

Rett etter skulestart kom det ein invitasjon frå Nordbygda grendelag om me ville vere med på den offisielle opninga av den nyopprusta badestranda på Vikodden. Her skulle, i tillegg til leiar av grendelaget, rådmann, representant frå sparebanken Sør og bladfyken vere til stades. Me svara ja på strak arm, men først måtte me ein tur på Rindefjell. Dei største sykla første biten medan dei minste kom seg til foten av fjellet ved hjelp av ein snill pappa. På toppen møtast me til felles måltid.

Rindefjell

Frå Rindefjell er det ein fantastisk utsikt, og ikkje tar det så lang tid å kome opp heller. Vikodden ser ein i bakgrunnen.

To og firbeinte

"Husk når du går i skogen inn. Bryt ikke gjerde, lukk igjen grind" (Haakon Lie)

Populært innslag

Frå Nordbø gjekk turen med traktor og hengar til Nordaberg.

Rindefjelldyret

Ein underleg skapning som lever i desse traktene fekk me også sjå.

505 moh

Panoramautsikt frå 505 moh

Snorklyppgjer

Høgtidleg opning der rådmannen vår klypper snora..

For seint å trekkje seg

Me hadde vår eigen vri på opninga. Herleg vatn 22.august 2013.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås