Tur 2015 - svovelkisskjerpet ved Skardstjørn

Av 8 turmål i årets turopplegg til Nissedal IL valde me å leggje haustturen til Skardstjørn og svovelkisskjerpet som ligg nokre få hundre meter aust for tjørna. Frå Spilaren og Stemtjørn fylgde me skiløypene i eit nydeleg haustver med humøret på topp.

Og tenk, her ser du heilt til Tørdal

Etter ein kort spasertur frå bilane opnar det seg ein panoramautsikt som fortener litt omtale.

Skogens gull

Dette er ikkje noko vanleg syn 10.september. Stor, raud kart var det òg.

Turglede

Lunsj som vanleg klokka 11.

I godt selskap

På isskura kvartsfjell er det godt å sitje og nyte sjølvgrilla pølser.

Narregull

Det er ikkje gull alt som glimar.

Framtidige geologar

Utruleg aktivitet på jakt etter noko å ha med seg heim.

Hardtarbeidande geolog

Geologhammar er ikkje noko "must" for oppfinnsame elevar.

Skjerpet

Skjerpet mellom Skardstjørn og Molandshommen.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås