Det går mot skuleslutt og sommarferie

På denne sida kan du sjå og lese om noko av det som skjedde på og utanfor skulen dei siste vekene før sommarferien. Barnehagen, og særleg skulen skal renoverast, og ikkje minst, få eit nytt tilbygg. Siste skuledagen starta handverkarar opp i barnehagen, og denne dagen disponerte barnehagebarna klasseromma. Alt dette gjorde at me måtte tenkje litt alternativt dei siste dagane, og avslutningsfesten kom også ei veke tidlegare enn vanleg.

Supergjeng

Stolte førskulebarn på prøveskuledag.

Stafettheltar

Tinestafett i Tørdal. Kyrkjebygda Fjone sigra vi open klasse.

Skulestranda

Dei minste elevane på strandsafari. Tenk å ha ei slik strand på skulen!!

Stupetårn på Presteheftet

Dei største elevane på tur til Presteheftet siste skuledag.

Berre å hoppe i det

Presteheftet ligg nord i Nordbygda, og er rett og slett ei perle.

Inspirert av A.O.Vinje

Diktopplesing med 3. og 4. klasse på sommarfesten.

På gullstol med gullungar

Kvittering på avgangsveggen er fast programpost.

Kreative avgangselevar

Herleg gjeng som nå er klar for ungdomsskulen.

Bingorekruttar

Siste skuledag og utan klasserom. Me starta like godt dagen med ultraspennande bingo i gymsalen. Heldigvis var det fint ver ute.

Naturen pyntar opp i kring ein, ikkje sant?

Småskulen på Vikodden siste skuledag.

God sommar!

Bading og kos på Vikodden. Nå er det sommarferie.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås