Overraskande siger i Tinestefetten

For fjerde gong og andre året på rad var laget frå Kyrkjebygda best i opa klasse. Kyrkjebygada og Fjone har i ein del år hatt felles lag i Tinestafetten, men i år var me eit reint nissedalslag att då Fjone skule i fjor dessverre vart nedlagt. Fem femteklassingar, ein sjetteklassing og to sjuandeklassingar samt tre knallsterke reserverar utgjorde laget. Med eit så "ungt" lag var med å rekne for ein "outsider." Knallsterk prestasjon og ei stor oppleving for alle som var med på dette.

Flaggdag i Tørdal

For første gong først under innmarsjen i ei lang rekkje av deltakarar. Kanskje noko magisk ved det?

I takt til gamal jegermarsj

Flott stil, plakatar og spente elevar frå Kyrkjebygada(...og Nordbygda)

Stilig gjeng

Sjekk opp til venstre. .

Ikkje spring frå meg då...

Full fart i fjerde veksling, og det ser svært lovande ut i kvalifiseringsheatet.

Finalen

Finaleplass og knepen favoritt etter den innleiande runden. Med toreskrall og startskot var det slett ikkje lett å vite kva smell ein skulle starte på...

Sjå og lær

Synleg bevis på at vekslingsterping i forkant er lurt .

Ensom majestet

Er det derfor det heiter sjarmøretappe?

Sigerslaget 2019 opa klasse

Slik ser laget ut som innkasserte den fjerde sigeren gjennom tidene . Neste år er det 25-års jubilè for Tinestafetten (arrangementet i Tørdal). Me gler oss!!!

Resultat 2019 opa klasse

Resultatservice

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås