Ei innføring i rosemålingskunsten hos Ruth Nordbø

I Nissedal har elevane opp gjennom åra besøkt Ruth Nordbø i Framnesfeltet i Kyrkjebygda. Ho er ein framifrå representant for rosemålingskunsten, og er rekna for ein av våre aller fremste på dette feltet. Huset hennar er eit galleri med arbeid frå penselen hennar, men òg bilete og anna arbeid frå andre kjente kunstnamn. Ein varm og fin augustdag tok Ruth imot oss på trappa, alltid like blid og godhjarta og alltid like ivrig etter å formidle og vise til oss. Tusen takk, Ruth!

Rosemålar Ruth

Mange dikt er blitt pryda med Ruth sine fine roser. "Um å bera" av Jan-Magnus Bruheim ser du her.

Kom inn, kom inn

Tidelg i dette skuleåret tok Ruth imot oss heime i Framnesfeletet i Nissedal, pynta i ei drakt ho sjølv har laga.

Allsidig kunstnar

Ruth har hatt glede også av andre uttrykk enn rosemåling.

Diplom frå 1975

Eit dekorert diplom frå 1975, Farsund og Lyngdal Jeger og Fisk. Ruth voks sjølv opp i dette området nærmare bestemt Holmen gård i i Herad i Vest Agder.

Framside laga av Ruth

Gjennom eit langt liv har oppgåvene vore mange og varierte. Her med framside på Jol i Telemark.

Skisse av Henrik Sørensen

Henrik Sørensen var ven av Ruth og hennar tidlegare mann og læremeister, Gunnar Nordbø. Skissa på biletet av Kristus som ung mann (den oppstandne Kristus) finn ein att som altertavla i Lindköping domkyrkje.

Inspirerte elevar

Tilbake på skulen og inspirert av Ruth prøva elevane seg på roser og fargelegging.

God fargesans

Fargar som høyrer godt saman . Ruth sa sjølv at Henrik Sørensen kom med tilrådingar når det gjaldt hennar eige fargeval.

Ulike metodar

Nokon fann glede i å kopiere rosemønster.

Original sekk

Me stelte til ei lita utstilling med rosemåla gjenstandar. Ein av desse var ein spesiell sekk.

Alt på eit fat

Det finst litt i kvart i heimane til elevane. .

Livets bølger

Ruth Nordbø vart fødd 26.12.1924 og blei nesten 95 år. Dette fine diktet har ho sjølv laga og dekorert i ein alder av 92 år. Imponerande!

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås