Rapport før påskeferien

Skitur på heia fekk me aldri gjennomført forrige skuleår grunna koronanedstenging og heimeskule. Men i år skulle me igjen få tatt oss ein tur på heia, og me valde å reise til nabokommunen denne gongen. Skiløypene på Fjågesundheia startar ved Knarrstua som ligg i nabokommunen vår, Drangedal. Elles er det slik at den tildels korte løypa rundt fjelltoppen Knarren på snaue 12 km går innom tre kommunar. Ein startar i Kviteseid, går inn i Drangedal før ein også set fot i Nome kommune. Avslutninga av Knarren rundt ender igjen i Kviteseid.

Siste dagen før påskeferien fekk me besøk av damer frå Nissedal helselag som varta opp me ein herleg lunsj. Nå er det to år sidan dei var på skulen sist gong då koronaviruset sette ein stoppar for dette populære innslaget i fjor. Igjen tusen takk for strålande måltid.

Og jammen dukka påskeharen opp og , framleis i vinterdrakt.

Knarrhuken

Knarrhuken var dagens mål og samlingspunkt for alle.

Full gass forbi Knarrhuken

Ingen tvil, her er det fri stil.

Her er alle vinnarar

På veg nedatt til Knarrstua. Nå er det 3,5 km med utfor. Yes!!!

Jomfruhuken

Dei eldste samt eit par fjerdeklassingar, gjekk Knarren rundt. Ved løypekrysset der ein kan gå opp til Slettfjell(850moh), ligg Jomfrukuken. Der tok me ein kort pust i bakken.

Ved Furuvann

Dagens "lengdåkare" ved Furuvannstua.

Beste måltid i året

Litt informasjon før me skal storkose oss me helselaget sin utsøkte lunsj.

Påskehjase

Ein stor og kvit påskehjase hoppa rundt omkring fredag før me tok påskeferie.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås