Rapstøyl, Fjelløygardsnuten og Fjelløygarden på Nesheia

For andre året på rad reiste me på hausttur på Nesheia, men denne gongen besøkte me den gamle støylen Rapstøyl som høyrer til Nesgarden til Randi og Kristian Grimstvedt. Her har det òg vore jernutvinning frå gamal tid, funn etter eit stolpehus i samband med dette arbeidet og slagg i området rundt Rapstøyl. Tusen takk for lån av plass, bålpanne og oppmerka løype frå Rapstøyl og opp til Fjelløygarden.

Steinkjørkjeberga

Frå parkeringa starta me med naturstig og opp hit til Steinkjørkjeberga

Det er i motbakke det går oppover

Siste oppstigninga til Fjelløygardsnuten.

Flyttblokk

På Nesheia er det mange spor frå istida, som her rett under varden på Fjelløygardsnuten.

Festkledd maurtuve

Lyngpynta maurtuve.

Nå kan det berre gå nedover

Fjelløygardsnuten 786 moh med Fjone i bakgrunnen.

Nulling og kjentmann

Frå Fjelløygardsnuten og ned til Fjelløygarden følgde med prestar, kjentmennar, nullingar...kjært barn har mange namn.

Kva er dette byggverket?

På Fjelløygarden er det eit steingjerde, og ein kan undre seg over kva misjon det har hatt, eller om det har hatt noko misjon i det heile?

Forminne

Restane av Fjelløygarden.

Noregs største grensestein?

På Fjelløygarden ligg den enorme flyttblokka.

På gamal grund

Frå Rapstøyl der elevane sit på den gamle støylsvollen. På timeplanen er det ugler i mosen.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås