Variert program i juni

Dei siste vekene før sommarferien er som regel innhaldsrike og litt ulike ei vanleg skuleveke. Dei største elevane gjekk tur i frå Espeliheia på Kyrkjebygdheia til Bø i Tørdal via den gamle plassen Uvdalen. Bading på Vikodden og konsert med Odd Nordstoga blei det òg tid til, og festprogram i gymsalen nest siste skuledag. Og neste års 1.klassingar fekk fadrar.

Høgaste punktet på turen

Kompasskursen er tatt ut, og me er på veg mot øvre Uvdalstjørn.

Fisk i bekken

Bekkevandring før det stupar ned i Uvdalen.

Uvdalen

Jordene i Uvdalen.

Godt vatn i bekken

Drikkestopp og pause på veg gjennom Uvdalen.

Offroad

Nokon på sykkel, andre på beina rundt Vikodden.

Trollegg

Landemerket på Vikodden.

Du skal ikkje tru det blir sommar

Koret leverte sommarstemning.

Avgangsveggen

Ein andre, ein fjerde, ein sjette og ein sjuandeklasssing startar på ny skule til hausten.

Fadder og fadderbarn

Første møtet mellom fadder og fadderbarn.

Kunsten å gå

Konsert med Odd Nordstoga i Treungen.

Autograf

Autografjeger frå Nissedal..

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås