TV-aksjon 2021

Endeleg fekk me arrangert TV-aksjons kafe igjen. Det er faktisk tre år sidan me hadde ei slik tilstelning her på skulen. I fjor blei det eit alternativt arrangement og i 2019 var me på bedehuset. Fantastisk innsats frå første sekund gjorde ettermiddagen på skulen til ei hyggeleg stund for veldig mange. Og ny innsamlingsrekord blei det òg. Den gamle frå 2015 ( 24.426 kr) har stått seg fram til nå. Den nye rekorden er 26.182 kr.!!! Årts innsamlig går til "Plan - barn ikkje brud."

Barn ikkje brud

TV-akson 2021 til inntekt for Plan international.

Handverk

Kunst og handverk rommet blei flittig bruka i forkant.

Pep talk

Siste samling før me går på post.

Populær suppe

Elgsuppe og svinesuppe signert Nissedal bygdekvinnelag.

Godt samarbeid

Medan det endå er varer... .

Smil og gjer ein god deal title=

Variert og mangfaldig vareutval.

Køklepøsten

"Tennkøklar" har vore ein gjengangar i mange år.

Hjarteknusarar

Hjarteleg velkomst.

Lappekø

Tidlegare elevar vender tilbake. Det er triveleg.

Lodda gjekk som olja lyn

Lynlotteri med stor suksess.

Dynamitt

Årets BLIME dans, Dynamitt, framført på kafèen.

BLIME dansen 2021.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås