"Den Grøne tjønna"

Me har vore hit på hausttur før, men for elevane dette skuleåret var det ei ny oppleving. Dette vatnet ligg spesielt til 812 m.o.h., og kan minne om eit vulkankrater. Som så ofte før hadde me besteforeldre med oss på tur noko me set stor pris på.

 

812 m.o.h.

Målet er nådd, og nå er pølsebålet snart klart.

Kamp om bålet

Nesten 40 turgåarar delte eitt bål.

Mjukt og godt i røsslyngen

God stemning i det fine haustveret på Nordbygdheia.

Utsikt mot Fjone

På veg opp var det lagt ut ein digital natursti (Fotspor).

Bjønndalen

På heimvegen var me innom den gamle støylen Bjønndalen.

Granknutar

Denne grana er alltid like populær.

Klar for returen

Denne gjengen sykla frå skulen til Støylstjønn og gjekk vidare til "Den grøne tjønna". Ein strekning på omlag 25 km att og fram.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås