Ungdomsskule på barneskule

Det har vore omfattande vegarbeid mellom Kyrkjebygda og Treungen i lang tid, og på nyåret vart vegen heilt stengt grunna utfordringane ved Mjågesto. Dette førte til at ungdomsskuleelevane frå Nissedal hadde skulekvardagen sin på oppvekstsenteret i denne perioden. Fjellsikringsproblem førte til at elevane blei verande lenger enn tenkt på skulen vår, og ei lita gruppe med friluftsliv og fysisk som valfag fekk bruka dei fantastiske nærområda sine for å få gjennomført dette. På ein av utfluktene var alle dei sju elevane med. I strålande vinterver kryssa me heiane frå Stemtjønn på Kyrkjebygdheia og over til Nordbygda.

 

Frovatn

Skitur på Kyrkjebygdheia stod først på programmet.

Vikodden

Full fyr utan juksebrikker på Vikodden.

Vikbukta

På Vik fann me ein trygg flekk stor nok til å spele isgolf.

Heia på tvers

På tur frå Stemtjørn på Kyrkjebygdheia til Nordbygdheia.

I ubrøyta

Opplevinga med å tråkke sine eigne løyper skal ein ikkje kimse av.

Bjønntjønn

På denne turen var alle ungdomsskuleelevane med. Her har me ein kort stopp på Bjønntjønn.

Nordbygdamark

Skimten av Bjønntjønn.

I tomilsløypa

I "oppkjørte" løyper ved Skarstjønn.

Trygg is

Pilking på Lomkiltjønna.

Lomkiltjønna

Tryta lot seg ikkje lure, men stemninga var på topp likevel.

Stokkbål

Nok ein gong spara me juksebrikkene.

Idyllisk

Friluftsliv i Nissedal er ikkje oppskrytt.

Skareforhold

Friluftsliv skaper samhald.

Nordbygdheia

Då våren kom og spora forsvann skifta me til barmarksaktivitetar.

Kompassøving

Me øvar på å ta ut kompasskurs.

Rett kurs

Nøyaktigheit krevst når ein skal gå på kompasskurs.

Fusing

Kaste på stikka eller å fuse er eit vårteikn.

Potten

Siste potten er rista. Takk for flotte turar med flotte elevar!

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås