Summit Skornetten

Skornetten er med sine 883 moh den høgaste toppen på austsida av Nisser, akkurat ein kilometer lågare enn Telemark sitt høgaste fjell, Gaustatoppen. I klarver ser ein Gaustatoppen frå Skornetten, og særleg godt på klare haustdagar når snøen har lagt seg berre på denne toppen. På haustturen i år var det to ruter med litt ulik lengde der møtepunktet for desse var varden på Skornetten. Toppen er òg med på topptur Nissedal, og ein av elevane fullførte dette opplegget med dagens toppbesøk. Gratulerer!

 

Skoddeheimen

På heia var stemninga trolsk med sol som bryt gjennom skodda.

Raundalsfenta

Den lengste turen gjekk via Raundalsfenta.

Skornetten

Varden på Skornetten var møtepunkt for store og små turgåarar.

Mat og prat

Felles matøkt ved foten av Skornetten.

Kven er det som...

Sylvtjørn var startpunkt på den kortaste ruta og sluttpunkt for alle.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås