2024 utgåva av Tinestafetten

For tredje året på rad arrangerte Drangdal 10 - årige skule Tinestafetten på Sparebanken arena i Drangedal. Frå 1995 til 2019 var det Bø skule i Tørdal som var vertsskap for stafetten. Dette har blitt ein tradisjon for elevane frå Kyrkjebygda å vere med på, og denne dagen er eit minne for livet. Me stiller i open klasse der det er elevar frå alle stega på mellomtrinnet som er representert. I år kom me på ein respektabel 4.plass, kun 7 sekunder frå ein finaleplass. Gratulerer til årets lag og innsatsen som blei lagt ned på den flotte friidrettsbanen i Drangedal.

 

Startnerver

Lag nummer 7125 frå Kyrkjebygda klar til start. Flott 4.plass med sluttid 5.16 på 8 x 200 meter.

Vekslingsfelt

God organisering i vekslingsfeltet.

Årets supergjeng

Høgt spenningsnivå før start, men etter løpet sat smilet laust.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås