80 år sidan frigjeringa

Me gjorde litt meir ut av frigjeringsdagen denne gongen då det i år var 80 år sidan freden var eit faktum etter den 2. verdskrigen. På dagen 8.mai reiste me til nabobygda i aust for å sjå på eit spesielt kulturminne. I den vesle bygda Østredalen i Tørdal finst det ei lita tømra hytte som er ganske så lik slik den var då 3 sovjetrussiske krigsfangar forlot den i fredsdagane i 1945. Desse rømte frå fangeleiren på Bostrak, og fekk hjelp av folket i bygda og særleg familien i Dekkane frå hausten 1944 og gjennom vinteren 1945. Desse tre var alle frå Ukraina, den gongen Sovjetunionen.

ULØ

Ungdomslokalet til UL Østerdølen i "Dunk".

Dunk

Matøkt i badeparken før me sette kurs mot Dekkane og russerhytta.

Russerhytta

Godt gøymt ligg den enkle ospetømra nokre hundre meter frå småbruket Dekkane. Her les me frå dagboka som Ivan Jurtsjenko skreiv gjennom opphaldet den siste krigsvinteren.

Tidskapsel

Å opne denne døra var som å gå 80 år attende i tid. Til og med joletreet frå desember 1944 står her inne.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås