Etter ei lita økt i Valhall med litt teori og informasjon bar det til skogs. Me blei delt i fire grupper utstyrt med soppbøker, soppnøkkel, soppkorger ...
Undervegs prøva me å finne namn på dei mange soppane me fann.
Litt oppe i lia blei me imponert over den flotte utsikten.
Me fann mykje kantarell, og desse måtte sjølvsagt reinskast.
Ein stolt elev syner noko av fangsten.
Ved lavoen samlast gruppene for å lage smaksprøver på bål.
Ved lavoen hadde me ei oppsummeringsøkt der kvar gruppe skulle vise fram den soppen dei syntest var mest spesiell. Her ein blomkålsopp. Slå den!
Ansvarleg:Bent Arve Bratås