Felles samling for sjuandeklassingane i Nissedal

Nissedal kommune har ein plan for dei ulike overgangane heilt frå barnehage til ungdomsskule, og elevar på sjuande trinn har fleire treffpunkt før dei startar på ungdomsskulen. Torsdag 5.mai var Kyrkjebygda oppvekstsenter vertskap for ein flott gjeng.

 

Økta starta med litt informasjon før elevar her på skulen gjekk ein omvisningsrunde med kvar sine grupper. Dei same gruppene konkurrerte i ulike aktivitetar som var plassert ute i skulens nærområde. I styrke, reaksjon, presisjon, balanse og kunnskap blei elevane testa, og kvar gruppe måtte i fellesskap finne ut kven som kunne gjere det best på dei ulike postane, og her var alle med. Nokre av aktivitetane kan du sjå under.

Knallhard duell

Armgangsappatet i Petter Puls løypa blei bruka til å henge etter armane lengst mogleg.

Heiarop til dei som heng i lufta.

God stemning og spenninga steig etterkvart som tida gjekk. Dei hang lenge og armane blei lange.

Kunnskapstesten

I Folkestigløypa stoppa me opp for å konkurrere i kunnskap.

Alternativ A, B eller C

Spørsmål i sport, geografi, matematikk, samfunnsfag og norsk.

Tok sju av ni

Straffspark på Aia var ingen enkel sak...

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg:Bent Arve Bratås