I nesten eit år har me planlagt sykkeltur til Fjågesund og Bergsto frå Nissedal. "The Zeroteam" tråkka i veg måndag 17.juni med ei innstilling som Hushovd bare kan sjå langt etter. Med fleire følgjebilar, eige serviceteam og kokk låg alt til rette for ein vellykka tour.
gjer
Turklar gjeng. Endeleg er ventetida over.
Etter 5 km er teamet samla og ved godt mot. Ingen har gått i bruddd.
Grusveg og vegarbeid langs Nisserstranda på veg mot Steane. Eit syn få vest-telemarkingar er forunt.
Vel framme i Bergsto på Midtbøen ordna Kwan thaimiddag, Det var toppers!!
Alltid like enkelt og raskt og slå opp telt. Det går nesten av seg sjølv.
gjer
Sydenstemning med tosifra vasstemperatur.
Me prøvar å kose oss, og det gjekk ganske bra.
Me motar oss opp til returen. Alle tenkjer på Kviteseidkleivane ...
Bergstovegen er ei reise tilbake til 1950 - talet, men team Zero takla utfordringane på ein framifrå måte.
Etter 3,5 km tøff start på 2.etappe (dag 2) passa det meir enn fint at tante Gunn fylte i oss ei trillebår med kaker og saft.
Ein del av team Zero stod av touren i Fjågesund då ein gamal Buick var meir interessant enn å slite seg fram etter landevegen.
Etter 7 km stoppa me på Hjørtur sin rasteplass. Me tenkte stadig på Kviteseidkleivane ...
Me sykla gjennom eit hol i fjellet, eller kanskje det er eit slags tilfluktsrom for lokalbefolkninga?
To i brudd opp kleivane, og dette heldt heilt til mål.
Solstolpen på Mibbestranda takkar for eit fantastisk flott besøk, Velkommen igjen!
Ansvarleg: Bent Arve Bratås