Joleverkstaden og dei gode hjelparane

Når joleverkstaden nærmar seg så er det akkurat som i eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane her på oppvekstsenteret. Også i år stilte representantar frå Bygdekvinnelaget opp. Det same gjorde foreldre, og til og med ei som har vore elev her tidlegare, men det er så langt tilbake som skuleåret 2003-04. Tusen takk for hjelp alle saman!

Hei du!

Nytt av året var glasmakeriet. Me laga ikkje glas, men bruka det i ei artig oppgåve.

Aldersblanding

Ikkje mindre enn tre bygdekvinner i aksjon på bakeriet. Mørelefser og peparkaker fylte kakeboksane.

Finmotorikk

Korger og nissar på klypperiet.

Kreative hender

Ved hjelp av PC og glashjarter ...

I glas og ramme

...blei det fine og personlege jolegåver.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås