Oppvekstsenteret mobiliserte igjen, og skipa til aksjonskafe med mange gode hjelparar. Foreldre, bygdekvinnelaget, helselaget og ikkje minst ein fantastisk flott gjeng med ungar stelte i stand kafe med nydeleg mat og sal av produkt laga av elevar og barnehagebarn. Då dørene stengde hadde det kome inn 24.426 kr som går til årets TV-aksjon. På fredag blei restvarene levert på butikken som hjelper til med sal av desse før søndag som er sjølve aksjonsdagen. Totalt vart dette 25.500 kr !!!!
Skogvoktarar syng for regnskogen.
Spente elevar før tombolaen brakar laus.
Solide teljoshaldarar i betong.
Lappane gjekk unna som aldri før.
Barnehagen hadde laga eigne skåler med sjølvproduserte kaker.
Oppvekstsenteret klemde til med "Alle trenger en liten venn."
Istaden for å lage middag heime var det mange som heller kom til oss for å ete kjøttsuppe.
Gevinstar tilovers etter tomboloaen blei auksjonert bort til høgstbydande.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås