Det nærmar seg ferie, men før me går ut i den er det mange aktivitetar litt utanom det vanlege elevane skal gjere og oppleve. Trur dei siste vekene fall i smak hjå alle, for her var det stor variasjon og noko for einkvar.
Skuletur til Rjukan
Open gard på Nylende. Arnt Erik tek imot og informerer.
Minkkvalpane var populære.
Skuletur til Rjukan. "Speakers corner" på Vemork.
Flott opplegg med guide og interaktivt opplegg. Kva leiar straum?.
Gaustabanen var ein lett og morosam måte å ta seg opp til topppen av Telemark.
På taket av Telemark, Gaustatoppen 1883 moh.
Rjukanbadet er ein herleg stad å vere.
Poengsanking i idrettslaget sitt opplegg Tur 2017. På veg ned frå Torgrimsfjell med 10 nye poeng.
Tinestafett i Tørdal. Kyrkjebygda/Fjone marsjerer inn i reine OL stilen.
Årets deltakarar samla før start.
Her spring ankerjenta vår laget inn til ein knallsterk 3.plass i opa klasse bak Kroken 1 og 2 i finaleheatet.
Musikkkskuleelevar på skulen vår knalla til med konsert for heile oppvekstsenteret.
Namsos er rockebyen, Kyrkjebygda er rockebygda.
Tjørebrenning er spennande. Her kløyver med feitved i fine stikker.
Feitveden blir sett i kjelen før loket plir skruva på og prosessen er i gong.
Denne gjengen laga skuleavis i vår, og då var det naturleg å besøkje lokalavisa vår, Vest Telemark Blad, og redaksjonen i Kviteseid.
Her får me høyre redaktøren, Øystein Øygarden, fortelje litt om avisarbeid.
Redaktøren lagar ein liten sak om oss som seinare kom på trykk i VTB.
Og stort festprogram, grilling ... og så var det ferie.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås