I mange år har oppvekstsenteret og lokalsamfunnet støtta opp om vårt bidrag til denne aksjonen. Torsdag før aksjonsdagen er fast dag for vår aksjonskafe. I år var det Raudekrossen som stod i fokus med slagordet "saman får me hjelpa heilt fram." Innsamlingsresultat:22493 kr
Avdeling for fugl klar til innsats.
Tennkonglar (tennkøklar) er ein populær salsartikkel nå på hausten.
Lettselte varer er viktig.
Dei minste song om grunnleggjaren av Raudekrossen, sveitsaren Jean Henri Dunant.
Det er 33, 66 og 99 som gjeld.
Valhall var fylt opp med varer laga av elevar og barnehagebarn.
Kafe i gymsalen med nydeleg suppe .
Ansvarleg: Bent Arve Bratås