United Nations International Children Emergency Found eller UNICEF er mottakar av årets TV-aksjon. Elevane har lært ein heil del om organisasjonen, og sett på ulike prosjekt der UNICEF er involvert samt blitt kjentmed barnekonvensjonen. Elevane vart delt i seks alderblanda grupper, og bileta syner kva som gjekk føre seg på kvar stasjon. Totalt kom det inn over 19.923 kr. Gåvmilde gjester gav flott resultat.
Kafeutsal. Rett før aksjonen startrtar og kjøtsuppebollane kjem på bordet.
Dei eldste elevane i barnehagen er også med på aksjonen, og her er det sal av barnehageprodukt. Originale fat og bilete.
Også i år kunne ein få kjøpt dei artige tennkonglane.
Skjærefjøler laga av villmarkspanel og geleljos på bordet her.
Spent stemning før loddsalet brakar laus.
Delikate og kreative kaker laga uoppfordra av skuleelev.
Svelehjørnet like populært i år, minst.
Herleg å bli ynskt velkomen av ein slik entusiastisk gjeng .
Ansvarleg: Bent Arve Bratås