Nok ein gong var oppvekstsenteret i aksjon for å samle inn pengar til TV-aksjonen. Dei siste vekene har barnehage, SFO og skule gjort ein stor jobb for å vere klar med ulike produkt som skal seljast til inntekt for Kirkens bymisjon. Men det er ikkje berre oppvekstsenteret som gjer ein innsats for å få dette til. Bygdekvinnelaget og Nissedal helselag fortener ein stor takk for for jobben dei gjer år etter år i samarbeid med oss. Innsamlingsresultatet i år blei imponerande 18.663 kr. Elevar og førskulebarn underheldt og framførte også songen "Tenkj om vi var venner" to gonger denne ettermiddagen. Det gjorde dei med glans!
Klar for årets aksjon. Litt frisk luft før det brakar laus.
Denne gjengen ser ganske klare ut for å kapre kundar.
Barnehagen hadde laga fine bilete og knekkebrød.
Englar, kransar, tova luer og heimelaga oppfyringsbrikettar var lettselte varer.
Dei første svelene ligg på takka.
Loddsalet varar aldri lenge. Her forsvinn nesten ei månadsløn hos ein ivrig tombolaaktør.
Alle blei ynskt skikkeleg velkomen til kafèn.
Teksten i songen "Tenkj om vi var venner" passa godt til aksjonen i år.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås