Kva har dette med kvarandre å gjere? Torsdag 2.februar starta elevane i storskulen dagen med pølsefrukost i den nye grillhytta i barnehagen. Etter å ha lese tilsaman 75 bøkar og skrive bokomtalar til desse vanka det ein premie for denne jobben. Pølsefrukost!!! På ettermiddagen hadde me ein forlenga gymtime i slalombekken i Nordbygda. Denne har ikkje vore open på fleire år grunna dårlege snøvintrar. Derfor ekstra moro å kunne spenne på seg slalomskia i Nordbøhamna denne gongen. Spesiell takk til idrettslaget sin maskinkjørar, Geir Myrstrand, som var igang grytidleg og ferdigstilte slalombakken for oss.
Skogsløypa (litt mindre skog enn sist).
Frukostdessert.
Fornøgde elevar med lesepremien.
Geir Myrstrand var oppe før hanen gol og preppa før arbeidstid. Imponerande!!! Tusen takk!!!
Me er heldige som har eit slikt anlegg 5 minutt frå skulen.
Nypreparert og fantastiske forhold.
Øving på tyngdeoverføring og svingteknikk.
Fine forhold for kjøring også andre stader enn sjølve slalombakken.
Tøffingane på mellomtrinnet hadde ei flott økt i bakken.