La barn leve i fred

La barn leve i fred er overskrifta på årets TV - aksjon og innsamlinga går til "Redd Barna". Denne hjelpeorganisasjonen arbeider i 122 land, og er alltid klare når krig og katastrofer rammar barn. I meir enn 100 år har organisasjonen arbeidd for barn sine rettar og for å beskytte barn i krig. Elevar og lokale krefter stelte nok ein gong til aksjonskafe som er eit viktig bidrag til TV - aksjonen frå bygda vår og heile Nissedal kommune. Resultat: 25.016 kr.!!!

 

Pep talk

Gruppedeling og siste informasjonen før kafeen opnar.

Steikjer vaffel med gaffel

Her går det i vaffel, kontantar og vipps.

Supersuppe

Bygdekvinnelaget har vore gode støttespelarar i mange år. Suveren kjøtsuppe!!!

Salssjarmørar

Plantasjeavdelinga. Svigemors tunge, Skeivkrone og Spragle.

Forlokkande utval

Lønnebladskål og heimlaga knekkebrød var nokre av produktene for sal.

Stemningsfullt

Hauststemning.

Populær vare

Tennkonglar har vore ein del av elevproduktene i mange år. 70 posar med 20 konglar i posen, og kvar kongle er dyppa minst fire gonger i stearin. Puuuhhhh!!!

Den har me lyst på

Lotteri med mange fine gevinstar. Her er det 33, 66 og 99 som gjeld.

Ja, vi svæve

BlimE! 2023 framført på kafeen.

Hade godt, Alzayat

Dagen etter aksjonen var det felles måltid i Valhall og avskjed med med ein familie me kjem til å sakne.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås