DKS formidlar Eva Furseth med ei innføring i norsk rettsvesen før rettssaken mot dronning Maksima startar.
Den tiltalte, dronninga, med forsvarar. Dronning Maksima tok snapchatbilete av Snøhvit medan ho sat på do og spreidde det vidare.
Rettsbetjent og rettsteiknar.
Forsvarar sine vitne general Krutt og Lettpåtå gjer så godt dei kan for å frifinne dronninga.
Aktor Anke sine vitne, prins Snipp og Snøhvit.
Retten er heva og utfallet vart både bot og dagar på brød og vatn. Dommar og meddommar (bakerst) sytte for det.
Dommaren portrettert av rettsteiknaren.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås