Huldrehola på Hæsnetten
Me har vore på Hæsnetten med elevar fleire gonger før, men ingen av dei som er her nå hadde vore der, i alle fall ikkje i Huldrehola. Me starta ut i frå Stemtjønn på Kyrkjebygdheia og slapp oss ned til hytta ved Skarstjønn. Vidare i retning Hæsnetten gjekk me forbi gamle svovelkisskjerp som me måtte sjå litt nærmare på. Elles var Huldrehola hovudmålet for denne turen. Hola ligg godt gøymt i ei stor steinur som ikkje er så lett å finne, men alle saman kom seg ned og og fekk sjå inngangen til huldreheimen.
På veg til Hæsnetten kryssar me "Brokkelinja".
Gamal anleggsbrakke ved Skarstjønn på vegen til Hæsnetten.
Flott rasteplass på toppen av Hæsnetten.
Høgdepunktet på turen?
Fantastisk utsikt i alle retningar frå Hæsnetten.
Vegen ned i Huldrehola er bratt og ulend.
Kan verke som om huldra følgjer med på oss..? Sjekk biletet nøye.
Tilbake til startsida
Ansvarleg: Bent Arve Bratås